Framsida   Biletarkiv

Offisiell opning 9. mai - 07

Etne Fysioterapi & trening offisielt opna.
 
Onsdag 9. mai vart snora klypt av Helseleiar Marion Kallevik.
Det første treningssenteret i Etne Kommune vart opna.
Marion la vekt på kor viktig dette er for alle i kommunen,
og kor flott det var at nokon våga satsa på dette!
Dei innbedne gjestene fekk informasjon om vegen fram til dags dato,
og omvisning på senteret. I tillegg litt om tilboda me har pr i dag og
nokre planar frametter.
Som seg hør og bør på eit treningssenter vart det servert frisk frukt og
grønsaker til alle som var innom.

Klikk på bileta.