Medlemsfordeler
Me har avtalar med sportsbutikkane MX-sport og Sport1. Her får
medlemmene 20 % på utvalde treningstøy/sko.
Avtale med B-yuong gir medlemmene 10%.
Og avtale med Eurosko gir 20 % på fjell/treningssko.
Alle må visa fram medlemskort ved kjøp av varer for å få rabattane
som nemnt over.
(03.02.10))
Timebestilling Framleis må du ringje for å sikre deg
plass på timane. Om ingen melder seg på blir, ikkje timen kjørt.
Det er derfor viktig at du ringjer når du likevel har tenkt å trene.
Det kan ”redde” timen din.
(13.06.07)
Postkasse Me har hengt opp ein postkasse i gangen på
senteret. Me ynskjer innspel frå medlemmene på det aller meste. Bruk
den!
(13.06.07)
Medlemsnytt 2 februar - 07 WOW! For ein treningsiver!
No har me hatt ope for trening i 14 dagar.
Tilstrøyminga til trening er over all forventning, og alle våre
prognosar er sprengde. Me hadde rekna med å runda 100 medlemmer til
sommaren og har no passert 200 etter 14 dagar!
Les meir
Medlemsnytt 1 januar - 07: Me har no bak oss første heile veka i
treningssenteret, og det er full trøkk i treninga. Me har sett
inn så mange ekstratimar som mogeleg. Framleis er det ein del som
ventar på eigentreningsprogram. Jørgen og Øyvind står på for å få
dei ferdige og tar kontakt når dei er klare.
Mange har starta på byrjarspinn og det er bra, men
me trur mange av dykk også vil hengja godt med på dei raude timane!
Ikkje la deg skremma av den raude fargen! Hugs at du styrer
intensiteten sjølv.
Me vil minna om at ein berre må nytta inneskor i
treningssenteret. treng du nye skor eller anna treningsutstyr, vil
du frå neste veke få medlemskort med gode rabattar hjå MX-sport og
Zporty-butikken. (27.01.07)